Denne siden kan leses på bokmål og nynorsk

Kven vi er og visjonen vår

Vi er eit selskap som har spesialisert oss på utvikling av digitale verktøy for å styre og koordinere tverrfaglege prosessar innan område som folkehelsearbeid, HMS og prosjektgjennomføring.

Torleiv Frotjold
Dagleg leiar

Dagleg leiar, som også koordinerer samarbeid og kvalitetssikring i dei prosjekta det vert arbeidd med.

Torleiv er tidlegare rektor ved Radøy ungdomsskule, skuleutviklingsleiar i Radøy kommune og kommunalsjef for oppvekst i Austrheim kommune. No dagleg leiar, fagperson og produktutviklar i HealthLine AS. Er medeigar i HealthLine AS gjennom Urdabrunn AS.

Kjell Tjeldstø
Teknisk leiar

Dagleg leiar i CodeLab AS, som er medeigar i HealthLine AS. Dei står for utvikling av digital versjon av LaLinea.

Kjell har jobba i IT-bransjen sidan 1999, og har vore grunnleggjar av fleire programvarefirma. Han har meir enn 12 års erfaring som Senior Software Engineer frå Tandberg/Cisco, der han var ansvarleg for utviklinga av MXP Graphical User Interface, og som dei fekk pris for.

Jens Andreas Reigstad
Kommersialisering, prosjekt og kvalitetssikring

Kommersialisering og kvalitetssikring i prosjektet. Tidlegare seniorrådgjevar i VIS, som også er medeigar i HealtLine AS.

Jens Andreas deltek med kommersialisering og produktuvikling av LaLinea. Han bidreg også til å knytta viktige forbindelsar til relevante fagmiljø.

Jofrid Troland
Prosjekt, sal og marknadsføring

Jofrid har mange års erfaring frå privat næringsliv. Frå 2001 har ho jobba i kommunal sektor - som sjukepleiar, rådgjevar for Helse og omsorg, og kommunalsjef for Pleie og omsorg i Austevoll kommune, fram til hausten 2020.

Jofrid kom med på laget vårt i HealthLine AS hausten 2020.

Om Healthline AS

HelathLine AS vart stifta 12.04.2016. Vi er eit selskap som har spesialisert oss på utvikling av digitale verktøy for å styre og koordinere tverrfaglege porsessar og samhandling innan område som folkehelsearbeid, HMT og prosjektgjennomføring. Våre verktøy vert utvikla for å forenkla styring av komplekse prosessar, og gi enkel tilgang til forskingsbasert støtte for avgjerder i kritiske fasar av oppbygging, gjennomføring og oppfølging av slike prosessar.

Løysingane er utvikla med tverrfagleg kompetanse frå fagområda pedagogikk, psykologi, samfunnsvitskap, helsefag og IKT.

HealthLine AS er målbedrift i Nordhordland Næringshage SA, og har mottatt støtte frå Innovasjon Norge, Connect Vest, Region Nordhordland og Sparebanken Vest v/Spinnfondet.

Vår visjon

Vårt mål er å styrkje kvaliteten på tenestetilboda knytt til tidleg innsats og førebyggjande folkehelse i kommunar og helseføretak. Dette vil vi oppnå med brukarvennlege digitale system for samhandling og støtte for avgjerder, forankra i kvalitetssikra forsking.