Denne siden kan leses på bokmål og nynorsk

Møt krav i ny barnevernsreform med
La Linea®.

Eit enkelt system for å oppnå heilskapleg tenestetilbod i kommunen.
Les meir om produktet

Vår løysing:

«La Linea setter fokus på kritiske tidspunkt og overgangar i barn og unge sine liv. Kommunen får oversikt og kan gje rett teneste og tiltak til rett person til rett tid.
La Linea kan dermed vere eit system som hindrer ressurssløsing
».

Avdelingsleiar, Barn, unge og familietenesta, Øygarden kommune.
Systemet er delt inn i 4 ulike modular:

Forsking & Tiltak

Kunnskap er ein sum av mange element, som vitskap, lærdom, erkjenning eller innsikt. La Linea® sitt bidrag er å gi kjapp tilgang til relevant, oppdatert og kvalitetssikra forsking, og relevante og oppdaterte utfordringsbilde. Eitt tastetrykk unna, og tilpassa den aldersgruppa det vert jobba med. Kombinert med den kunnskap og erfaring du og dei fagmiljøa du samarbeider med til ei kvar tid har, vil det bli ei levande kunnskapsutvikling som kan kome det førebyggjande helsearbeidet til gode. I tillegg til dei tiltaka kommunen alt har, gir La Linea® også direkte tilgang til mange tiltaksprogram som  er tilgjengelege. Ner 50 av desse er evidensvurderte tiltaksporgram, der evidensgraden blir vist i ein skala. Alle tiltaksprogramma er sorterte etter alderstrinn i La Linea.

Prosjektstyring

LaLinea® inviterer til å planleggje og skape eit heilskapleg system for tidleg innsats og førebyggjande helsearbeid. Systemet varetar alle hovudkrava i Lov om folkehelsearbeid av 24.06.2011. Det blir ein levande plan med fokus på praksis ute i avdelingane. Grunnelementa er tverrfagleg samarbeid  og samhandling rundt kunnskapsbaserte tiltak, der kvart fagmiljø eller instans ser sin plass i den store samanhengen. Dette kan gjere det lettare å dele kunnskap og å samkøyre rett innsats til rett tid, slik at færrast mogeleg ”ramlar av lasset” i løpet av barne- og ungdomstida. Det blir ein levande plan for tidleg innsats og folkehelse, som alltid er oppdatert og i samsvar med den praksis som til ei kvar tid er gjeldande i kommunen.

All planlegging i LaLinea® skjer i informerte og tverrfaglige møter.

Møteinnkalling & Oppfølging

LaLinea® kan automatisk kalle inn til planleggingsmøte, der ein skal førebu seg før møtet. Då vil systemet kalle inn dei fagmiljøa som er aktuelle,  plukke ut rett forsking og rette utfordringsbilde, og gi tilgang til relevante tiltaksprogram for det aktuelle alderstrinnet som det skal jobbast med.

Implementering er ofte det svake punktet i prosessen med å ta i bruk eit tiltaksprogram. Enten ved at ein er for dårleg førebudd, for lite grundig i sjølve implementeringsarbeidet, evaluerer for overflatisk undervegs, eller ved at ein avsluttar dette arbeidet før ønska praksis  ”sit i ryggmargen”. Systemet vil støtte og følgje opp implementeringsarbeidet gjennom dei ulike fasane fram til fast drift, og gjere tilgjengeleg ei enkel grafisk framdriftsskildring som oppdaterer seg undervegs gjennom imlpementeringsfasane.

Publisering

LaLinea® skal også vere ein informasjonsportal ut til tilsette og publikum om korleis ein kommune eller eit helseføretak driv sitt arbeid for tidleg innsats, samhandling og førebyggjande folkehelsearbeid. Dette vert gjort ved at informasjonsportalen vert oppdatert automatisk etter kvart som systemet vert oppdatert. I tverrfaglige samarbeidsmøte hukar ein av i LaLinea®  for det som skal ut i informasjonsportalen.

Forebygging tidleg i eit menneske sitt liv

Ut frå ny forsking veit vi at rett førebygging tidleg i eit menneske sitt liv, og tidleg mellom knekkpunkt i eit menneske sitt liv, vil være av stor betyding i forhold til fysisk og psykisk helse seinare i livet, og i forhold til meistringsevne og sjølbilde.

Vi veit også at førebygging må skje gjennom endra og ny forståing av kva som påverkar folkehelsa – både individuelt og generelt. Denne nye forståinga  og kunnskapen må delast raust mellom fagmiljø ute i kommunane, foreldre, frivillige organisasjonar og folk flest som har med born og unge å gjere.

Kommunal styring

For å lukkast med intensjonane bak den nye oppvekstreforma – barnevernsreforma – blir det kravd god kommunal leiing og styring. La Linea® gjer det enkelt å halde oversikt og rapportere til kommunestyret og innbyggjarar gjennom eigen publikumsmodul.

Systemet tilbyr innsiktmodul spesielt utvikla for samarbeid på tvers av kommunar.

Kontakt Oss

Ta gjerne kontakt dersom du har nokre spørsmål om systemet, lurar på korleis det passar inn i din kommune eller berre vil ta ein prat om førebyggjande folkehelse i kommunar og helseføretak.

Send oss ei melding ved hjelp av skjema nedanfor
Takk for meldingen. Vi svarer så raskt vi kan!
Noe gikk galt! Vennligst prøv igjen....